Spaans, Ronny
Ronny Spaans (f. 1976) er kulturredaktør og journalist i Dag og Tid. Ved sida av litteratur har Spaans som journalist særleg hatt fokus på arkitektur og stadutvikling i Noreg. Han har ein doktorgrad frå Universitetet i Oslo på ei avhandling om litteratur og handel i den nederlandske gullalderen på 1600-talet. Han har tidlegare gjeve ut ei diktsamling, Svalene i Lisboa (2008) og ei essaysamling om forfattarskapen til Olav H. Hauge, Tid å hausta inn (2008).
Foto: Edvard Thorup