Geir Atle Ersland
KVEN EIGDE BYEN?
Jordleige på landsbygda i mellomalderen og tidleg nytid er eit mykje studert felt i norsk historieforsking. At ei tilsvarande leigeform fanst i byane er mindre kjent.
Jordleige på landsbygda i mellomalderen og tidleg nytid er eit mykje studert felt i norsk historieforsking. At ei tilsvarande leigeform fanst i byane er mindre kjent. Denne boka viser ein modell for grunnlegginga av byar basert på studiar av eigedomsforhold knytt til bygrunn, og drøftar deretter leige av grunn i mellomalderen på bakgrunn av korleis denne forma for disposisjonsrett har oppstått. Analysen baserer seg både på lokalt kjeldemateriale frå Bergen og ein vidare nordeuropeisk komparativ horisont. I motsetnad til landsbygda, der jordeigaren ofte blir rekna som den sterke parten, vaks det i seinmellomalderen fram eit system for leige av tomtegrunn som favoriserte leigaren.