Halvor Tjønn
KRIG I VÅR TID
UKRAINA, RUSSLAND, EUROPA OG NOREG
Demokratiet har aldri slått røter i russisk jord. Herskarane i Kreml har styrt landet diktatorisk, uavhengig av folkeviljen. Då Vladimir Putin kom til makta i 1999, førte han dette systemet vidare. Ukraina har på den andre sida vore eit langt friare samfunn gjennom mesteparten av si historie. Den 22. februar 2022 gjekk Putin til krig mot det frie ukrainske samfunnet. Igjen er det krig på vårt kontinent, og Europa står midt oppe i ein kamp mellom demokrati og diktatur. Denne kampen vil vera avgjerande for Europas framtid.
Halvor Tjønn er historikar og journalist. I denne artikkelsamlinga fylgjer han utviklinga av Ukraina-krigen, frå det tidspunktet Putin tok til å truga med krig, gjennom krigsutbrotet i februar og fram til tidleg på hausten 2022.