HÅKONSHALLEN 750 YEARS
Håkonshallen i Bergen var ein del av residensen til dei norske kongane på 1200-talet og står i dag, trass i endringar, forfall og restaurering, som eit levande minne om det norske kongedømmet i mellomalderen. Denne boka med artiklar av framståande historikarar frå inn- og utland kjem ut i høve 750-årsjubileet til hallen og tek for seg hallen frå fleire synsvinklar.
Håkonshallen i Bergen var ein del av residensen til dei norske kongane på 1200-talet og står i dag, trass i endringar, forfall og restaurering, som eit levande minne om det norske kongedømmet i mellomalderen. Hallen er første gongen nemnt i kjeldene 11. til 14. september 1261 då sonen til kong Håkon Håkonsson, Magnus, feira bryllupet og kroninga si der.
Denne boka med artiklar av framståande historikarar frå inn- og utland kjem ut i høve 750-årsjubileet til hallen og tek for seg hallen frå fleire synsvinklar: Byggemåte og arkitektur, administrativ og symbolsk tyding, og kva hallen seier om kongehoffet og riksstyringa på den tida. Boka omhandlar og den nyare historia til hallen. Fleire av artiklane tek for seg tema som kongeleg arkitektur, hoffkultur og bruken av mellomalderen i seinare århundre i eit større, internasjonalt perspektiv. Slik viser boka hallen sin varierte historie og set han inn i ein vidare samanheng.
Bidragsytarane: Sverre Bagge, Geir Atle Ersland, Knut Helle, Alf Tore Hommedal, C. Stephen Jaeger, Derek Keene, Zoe Opacic, Marco Trebbi og sir David Wilson.