Jon Fredrik Skauge
DEI TAPTE TINGA
Dei tapte tinga er ei framifrå julegåve til den som har «alt». Ei vakker bok som gjerne kan liggje framme, og uansett kor ein opnar boka, finn ein ei interessant historie.
Då tjuvar tok seg inn på Fannremsgarden i Orkdal var det ikkje berre eit lovbrott. Det var óg eit brott mot husfreden og mot Jon Fredrik Skauge si sjelefred. I vekene etter innbrotet brukte han mykje tid på å rydde opp i kvart rom, i kvart skap og i kvar skuffe. Han måtte finne ut kva som var borte. I denne prosessen byrja han å skrive ned historiene til tinga.
No er nokre av desse epistlane samla i denne boka. Den kan inspirere oss til å sette meir pris på dei eldre gjenstandane som me har rundt oss.
I ei verd då me treng å tenkje meir gjenbruk, er det god berekraft å ta i bruk gamle ting som har vore brukte før, og som samstundes kan fortelje oss noko om historia vår.
Opp igjennom åra har eg fått mykje merksemd for det eg har halde på med på Fannremsgarden. Mange har vore innom her i tida da garden var open, og mange medier skreiv om verksemda, ikkje minst etter at eg vart kjent for ’Michelin-kyrne’ som leverte mjølkeprodukt frå gamle norske kuraser til gourmet-restauranten Credo.
– Jon Fredrik Skauge