al-Kubaisi, Walid
Walid al-Kubaisi (fødd 9. februar 1958 i Bag-dad i Irak) er ein norsk-irakisk forfattar og sivil-ingeniør av utdanning. Al-Kubaisi kom til Noreg som politisk flyktning i 1986. Han har markert seg som ein uredd debattant og kritikar. Han utga si fyrste bok i 1996, essaysamlingen Min tro, din myte: islam møter norsk hverdag. Seinare har han mellom anna skreve Halvmånens hemmeligheter (1998) Rasisme forklart for barn: en bok for barn i alle aldre, og med alle hudfarger (2001) og Allahs lille brune: Koranen og profetens ord i utvalg (2004). Al-Kubaisi vart statsstipendiat i 2007.
Foto: Edvard Thorup